Åpne HAN-port

Når du åpnar HAN-porten på straummålaren din kan du få tilgang til detaljert informasjon om ditt straumforbruk slik at du kan styre dette.

Din nye straummålar har ein eigen utgang som vert kalla HAN-port (Home Area Network), der det er mogeleg å kople til eksternt utstyr, for eksempel informasjonsskjerm og smarthusløysingar. Via HAN-porten kan du hente ut dine forbruksdata, og få detaljert informasjon slik at du kan styre ditt straumforbruk betre.

For å utnytte desse løysingane, må du sjølv kjøpe inn utstyr for straumstyring eller smarthus-tenester hos andre, uavhengige aktørar. Fleire straumleverandørar og andre kommersielle leverandørar sel utstyr som gjev deg god oversikt over straumforbruket i huset ditt.

HAN-porten er stengt inntil du ber oss om å åpne den. Du bestiller åpning av HAN porten ved å sende oss bestilling på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. der du sender oss målarnummer som du vil åpne på. Denne tenesta er gratis.